www.archive-no-2012.com » NO » B » BARDVEGAR

Choose link from "Titles, links and description words view":

Or switch to "Titles and links view".

    Archived pages: 3 . Archive date: 2012-11.

  • Title: Bård Vegar Solhjell sin blogg
    Descriptive info: .. Velkommen!.. Vekas plate.. The Bee's Niece: I don't Speak Cat.. Facebook.. Bloggar.. Andreas Tjernshaugen.. Anne Viken Media.. Auduns blogg.. Bente Kalsnes.. Fredrik Mellem.. Frem kamerater.. Heikkis blogg.. Hilde Widerøe Wibe.. Inga Marte.. Ivar Johansen.. Jostein Moen.. Magnus Carlsen blogg.. Mali sin blogg.. Marta Breen.. Pål Julius sin blogg.. Paul Chaffey.. Rune Hegge.. Snorre Valen.. Steinar J Olsen.. Tore O Sandvik.. Tromp.. Vampus.. Lenker.. All Music.. Banden på P3.. Del og bruk.. Dotshop.. Elevorganisasjonen.. Fellesskap.. KS.. Kunnskapsdepartementet.. Lydverket.. Move On.. Natur og ungdom (NU).. Other Music.. Pedagogblogger.. Realclearpolitics.. Skulebloggen.. Sosialistisk ungdom (SU).. Sosialistisk venstreparti (SV).. The Wire.. Utdanningsforbundet.. Skulebloggar.. Alb*Aab.. Arne Olav Nygard sin blogg.. Bjørn på norsk.. Dalstroka innafor.. Diginalet.. Dronning Mauds Minnes blogg.. Einar Berg s blogg.. Elevblogg.. no.. Erik Utne Vie.. Folkehøgskoleprat.. forsKJELLig i MØRKetida.. Frøken Løken.. Gjemmesiden.. HovsWEBlog.. IKT i læring.. IKT i videregående skole.. IKT og skole.. Jan-Arve Overland.. Kjemikeren.. Kjetils pedblogg.. KulturrIKT.. Lektor Aksnes skoleblogg.. Lektor Laastad.. Lektor Moens blogg.. Leselyst.. Lisa s lagune 2.. 0.. Liv Marie Schou.. Mitt hJØRNe av web en.. Norsklærer med digitalt grensesnitt.. Ole Frode Mikkelsgård.. Ole J Rosten.. Om kunst og estetikk i barnehagen.. Rutti.. Tanker.. Tanketråder fra en lektors hverdag.. Teachertalk.. Thomas Røst Stenerud.. Øystein Johannessen.. Blogg.. Afghanistan 10 år etter.. 29.. November 2011.. Eg hadde.. interpellasjon.. i dag, den 29.. 11, om erfaringar og lærdomar etter 10 år i Afghanistan.. Det var også debatt om temaet på.. politisk kvarter same morgon.. Her er mitt innlegg i debatten:.. President.. Som mange andre hugsar eg kvar eg var i tretida den 11.. september 2001.. Eg hadde stavra meg ned til Stortinget etter å ha feira valresultatet til SV til langt på natt.. Eg høyrde utbrotet til Anne-Berit, konsulenten i stortingsgruppa vår, då ho såg det som skjedde på TV.. Sidan sat vi der – foran TV’en.. I politisk forstand tok det tiåret vi har bak oss til denne dagen.. Dagen etter vedtok Nato at terrorangrepa hadde utløyst artikkel 5 i Atlanterhavspakta.. Eit USA-leia angrep på Afghanistan kjem raskt etter, med ulike enkeltland som deltakarar.. I Noreg vart DUUK informert om norske styrkebidrag for snart ti år sidan, 30.. 11.. 2001.. Saka vart så løfta inn i stortingssalen og debattert den 5.. 12.. Forslag frå SV om at:.. «Stortinget samtykker ikke i at norske styrker stilles til disposisjon for militære operasjoner i Afghanistan under USAs kommando.. ».. vart avvist mot SVs stemmer.. Debatten.. Stortingsdebatten er tankevekkande lesing.. For det første fordi den eigentleg ikkje skulle funne stad.. Eit vedtak i saka var uaktuelt.. «Det er ikke bare slik at det er unødvendig å fatte noe vedtak i denne saken.. Vi mener at det ville gjøre ansvarsforholdet mellom storting og regjering uklart hvis vi skulle gjøre det,» var den eintydige meldinga frå utanrikskomiteens leiar Thorbjørn Jagland.. For det andre var trua på militære verkemiddel i kampen mot terror stor.. «De amerikanskledede militære operasjonene er helt avgjørende for å kunne lykkes i kampen mot internasjonal terrorisme,» sa utanriksminister Jan Petersen.. Det var knapt nokon, med unnatak av SV, som stilte spørsmål ved om eit militært angrep på Afghanistan faktisk var eit lurt tiltak mot terror, og om norsk militær deltaking var vårt beste bidrag.. For det tredje var det fleire som meir enn antyda at krigen i Afghanistan ville vere over om kort tid, og at demokrati og likestilling kom til å sigre.. «USA og de allierte er i ferd med å vinne krigen i Afghanistan.. Nå må vi sørge for ikke å tape freden,» sa statsråd Hilde Frafjord Johnsen.. I 2011.. Kva kan vi lære av debatten i 2001, og av det tiåret som har gått?.. Vi kan lære at vi ikkje visste eller forstod kva vi gjekk til.. Og ikkje.. kunne.. vite eller forstå.. Snart ti år seinare veit vi at grunngjevinga for å vere i Afghanistan er utvida og dels endra, og at krigen har vart lenger enn nokon la til grunn.. Situasjonen på bakken er ein heilt annan enn for få år sidan, og vi strekkjer kapasiteten til norske militære styrkar for å stille opp.. Vi er rett og slett med i ein annan krig enn den vi gjekk inn i 2001, ein krig vi knapt reflekterte over.. Det har skjedd viktige forbetringar i Afghanistan på dette tiåret.. Fleire går på skule, ikkje minst fleire jenter.. Det er oppretta ei rekke nye helsetilbod i landet, og både politi, hær og rettsvesen er betre utrusta enn dei var.. Landet har også gjennomført eit val som – trass alle vanskar – kan kallast demokratisk.. Men dette er diverre ikkje hovudbiletet.. Hovudbiletet er langt meir negativt.. Tryggleiken er verre enn på mange år, utviklinga går mykje seinare enn ho kunne og skulle, det er i liten grad satsa på å bygge opp landet sin kapasitet til å styre seg sjølv, og styret er ustabilt.. Det er også gjort viktige feil undervegs, som det blei advart mot.. Sivil utvikling.. Noreg brukar store summar på utviklingshjelp til Afghanistan kvart år, nesten like mykje som på den militære operasjonen.. Regjeringa har auka bistanden og betra innretninga på den.. Det store biletet er likevel at det internasjonale samfunnet bruker meir enn ti gongar så mykje på krigen i Afghanistan som på å førebu freden, og det er altfor lite til å styrke den sivile utviklinga.. I ein rapport frå ACBAR (Koordineringsorganet for frivillige organisasjonar i Afghanistan), skriven av Matt Waldmann i 2008, vert situasjonen for bistanden til og utviklinga av landet gjennomgått:.. Regionen får langt mindre bistand enn andre konfliktområde har fått.. Landet fekk 1/10 av det Bosnia fekk dei to første åra, og 1/5 av det Irak fekk dei fem første åra.. Det er omfattande sløsing og misbruk av midlar.. 40 prosent av bistanden går tilbake til gjevarland.. Bistanden er ikkje samordna.. Med andre ord: For lite, for kaotisk og for seint.. Mangel på politisk prosess.. SV har i mange år argumentert for at alle partar må samlast ved forhandlingsbordet, og at Noreg må snakke med alle.. «Å forhandle med Taliban og beholde et demokrati i Afghanistan, nei, det tror jeg ikke mye på,» sa Erna Solberg til Nettavisen i 2008.. ”SV vil ha teselskap med Taliban”, raljerte Siv Jensen i ein debatt mot meg i november 2009.. Kai Eide var FNs spesialutsending til Afghanistan 2008–2010.. Eg veit ikkje om det var teselskap han hadde med Taliban-leiarar, men hans «Of course I met with the Taliban» var eit befriande direkte svar som gjekk på TV-stasjonar over heile verda.. No deler dei fleste sentrale internasjonale aktørar dette synet.. Føresetnaden for eit fredeleg og demokratisk Afghanistan er å inkludere alle i politikk og samfunnsliv.. Som i andre fredsprosessar må ein ha dialog med alle grupper som spelar ei rolle i eit samfunn.. Det har diverre gått alt for lang tid før dette vart eit mål.. Det militære nærværet.. «Har den militære oppbyggingen i Afghanistan ført oss nærmere en løsning på konflikten i landet? Jeg tror svaret er et ganske klart nei.. Den stadige militariseringen av USAs – og dermed Vestens strategi – har brakt oss fjernere fra en løsning og ikke nærmere.. » Slik formulerer Kai Eide seg i boka si, men legg til at «Jeg er ikke motstander av et internasjonalt militært nærvær».. Dette dekker også mitt syn på ein god måte.. I dag er det ei tillitskrise mellom dei internasjonale styrkane og den afghanske sivilbefolkninga.. Opptrappinga av konflikten har ført til at dei sivile dødstala stig.. Tal frå 2010 viser meir enn 10 000 drepne – sivile, opprørarar og utanlandske eller afghanske styrkar samla sett.. Over 2000 av dei drepne var sivile afghanarar, det vil seie at det kvar dag døyr fem–seks menneske som følgje av krigen.. Krigen går også hardt ut over dei stridande sjølve, med om lag 1500 dødsfall blant afghanske og utanlandske soldatar.. President, både når det gjeld utvikling og politisk løysing har vi sett store framsteg i den norske politikken, men i for liten grad internasjonalt.. Leiaren for tryggingspolitisk avdeling i den tyske forskingsstiftinga «Stiftung Wissenschaft und Politik», Dr.. Markus Kaim, peikar på at det i dag eksisterer ulike grunngjevingar for engasjementet i ulike land.. Det starta som eit ledd i kampen mot internasjonal terrorisme, noko som også dominerer den norske stortingsdebatten frå 2001 totalt.. I fleire europeiske land, slik som Noreg, overtek så eit humanitært og demokratisk prosjekt som den viktigaste grunnen, statsbyggingsprosjektet Afghanistan.. I andre land, som Storbritannia, Australia og fleire andre europeiske land, er det omsynet til NATO-alliansen og behovet for å stille opp for eller styrke den som er det dominerande motivet.. Desse ulike motiva gjer at ulike land har ulike idear om og motivasjon for politikken vidare.. Det gjer det også vanskeleg å få til ei endring i den politiske strategien.. Ein doktrine for bruk av militærmakt.. Ni av ti krigar varer lenger og går dårlegare enn det strategane trur på førehand.. Det meste går annleis, og varer lenger.. Den første entusiasmen går over i kritikk, vanskar og tvil.. Samstundes er avgjerda om å sende soldatar ut i krig kanskje den vanskelegaste og mest alvorlege vi politikarar tek.. Det er difor eg meiner vi i Noreg bør utvikle ein doktrine for når det er aktuelt å sende norske soldatar i krig eller andre militære operasjonar – og når det er uaktuelt.. Eit sett av krav som skal vere oppfylt.. Det å ha ein doktrine, eit sett av kritiske spørsmål til oss sjølv, vil ikkje redusere debatten eller gjere svaret enklare, men det kan gje ein meir reflektert og opplyst debatt.. Ikkje minst er dette viktig fordi vi er ein liten medlem av ein stor forsvarsallianse, NATO, der det vert stilt ei rekke krav til oss.. Noreg skal kjenne seg forplikta overfor dei organisasjonane vi er medlemmer av.. Men vi skal også vere forplikta til å vurdere rett og gale sjølve.. Grunnlaget for ei slik doktrine kan vere:.. Vitale omsyn til internasjonal fred og felles internasjonal tryggleik må vere truga.. Korkje Noreg eller noko anna land bør sende militære styrkar til ein krig vi ikkje er heilt sikre på er naudsynt for å oppnå eit større gode, å bevare fred.. Alle andre middel enn militær makt må vere prøvd.. Dersom vi skal sette liv i fare, er det eit absolutt minstekrav at alle andre verkemiddel enn dei militære er prøvd først.. Målet for den militære deltakinga må vere klårt og oppnåeleg.. Om alt anna er prøvd, gjenstår det likevel å vurdere om det er mogeleg å oppnå dei måla ein har militært.. Krigane i Afghanistan og Irak viser det tydeleg.. Den militære aksjonen må ha eit klårt FN-mandat.. Vi må berre delta i militære operasjonar som har eit eksplisitt FN-mandat, fordi FNs tryggingsråd er det einaste organet som er gjeve legitim kompetanse til å utøve makt ifølgje FN-pakta.. Den militære aksjonen må ha politisk støtte i Noreg, uttrykt gjennom eit vedtak i Stortinget.. Eg meiner vedtak om militær deltaking i ein omfattande, internasjonal operasjon bør fattast i Stortinget.. Det er (normalt) ingen praktiske eller tidsmessige problem med det.. Poenget med ein doktrine er ikkje å lage ein fasit, eller å lure oss sjølve til å tru at avgjerda vert enklare.. Poenget er å ansvarleggjere oss som politikarar, å tvinge oss til å vurdere det nøye.. Det er ikkje lett å sjå ein positiv veg vidare for Afghanistan.. På sett og vis kan ein seie at den politikkendringa som no skjer i det internasjonale samfunnet og førebuinga til ei militær tilbaketrekking både kjem for seint og for tidleg.. For seint, fordi omlegginga mot sivil utvikling og ein politisk, inkluderande forhandlingsstrategi skulle kome for mange år sidan.. For tidleg, fordi det er vanskeleg å sjå at Afghanistan i løpet av få år skal vere i stand til å sikre tryggleik, demokrati og økonomisk utvikling i eige land.. Kampen for ei betre framtid for Afghanistan er ikkje tapt.. Den vil aldri gå tapt, men då er det nødvendig at FN, NATO og vi her i Noreg endrar strategi for å støtte utvikling, demokratisering og statsbygging i landet, og det er naudsynt at vi støttar Afghanistan etter at krigen er over.. 1549.. 35 kommentarar.. http://www.. bardvegar.. no/2011/11/afghanistan-10-ar-etter/.. Afghanistan+10+%C3%A5r+etter.. 2011-11-29+15%3A28%3A34.. B%C3%A5rd+Vegar.. |.. Internasjonalt.. ,.. forsvar.. menneskerettigheter.. Permalenke.. Skriven av Bård Vegar.. I ll be back.. 25.. September 2011.. På laurdag trakk eg meg som kandidat til å leie SV etter landsmøtet i vår.. Her er innlegget eg haldt i den samanheng:.. Kjære landsstyre.. Eg har beslutta å trekke meg som kandidat til å lede SV etter landsmøtet i vår.. Det gjer eg fordi eg ikkje har den støtten som er nødvendig for å vinne.. Da er eg ikkje rett mann til å lede SV etter landsmøtet.. Eg vil engasjere meg desto sterkere i debatten om veien videre for det partiet eg er så glad i.. Venstresidas historiske oppgave er å bekjempe ulikhet og urettferdighet.. Vår generasjons store oppgave er dei globale miljø- og klimautfordringane.. Derfor er framtidas venstreside rød og grønn.. Mange ser det.. I heile Nord-Europa har nå grønne og rødgrønne partier stor suksess, og spiser velgere og oppslutning fra sosialdemokratiske partier og fra andre.. Bortsett fra i Norge.. Her taper vi oppslutning til AP, nå også til Venstre og Miljøpartiet De Grønne.. Vi må ta igjen initiativet i miljøpolitikken.. Men vi må også gå lenger.. Den moderne rød-grønne venstresida skal stille spørsmål ved om meir økonomisk vekst, meir materiell velstand virkelig kan vere det viktigaste målet for samfunnet i et nytt hundreår.. Mitt svar er nei.. - Den tida vi går inn i må ha slagordet del godene, foran fleire goder.. - Den tida vi går inn må preges av kva som gir meir livskvalitet, ikkje bare meir kvantitet.. Vårt samfunns mål, vår tids politiske prosjekt, kan ikkje vere meir gull, og definitivt ikkje meir kull.. Det må vere meir solidaritet, færre fossile ressurser (og eg vil legge til: færre fossile politikere).. Den moderne venstresida er rød og grønn, men også.. - frihetlig og antiautoritær: i innvandringspolitikk, i kampen for minoriteters rettigheter, i personvernspørsmål, i utenrikspolitikk.. - den treffer andre velgergrupper.. Dei som er nederst på rangstigen, men  ...   som også etter kvart vil ligge på.. www.. sv.. og i korrekt referert versjon på.. stortinget.. Innlegg i stortingsdebatten om datalagring 4.. 4.. Sjekk mot referatet.. Datalagringsdirektivet inneber å pålegge lagring av ei omfattande mengde informasjon om vår mobil- og nettbruk.. Kven du ringer til, når du ringer, kvar du ringer frå og kor lenge du snakkar.. Kven du sender e-post til, kvar mottakaren er, når du er på Internett og kor lenge.. SV er motstandar av datalagringsdirektivet av tre grunnar.. 1) Det er vår sterke overbevising at kvart menneske er uskuldig til det motsette er bevist.. Vi bør ikkje basere oss på ein ny tankegang i vår rettsstat der vi gjer pålegg om å samle spor om kvar nordmann, sidan vi kan kome til å bli skuldige.. Då bidrar vi til å endre status på kvart menneske.. Frå uskuldig – til potensielt skuldig.. 2) Pliktig lagring av store mengder data aukar risikoen for at noko kjem på avvege, og for misbruk.. Lagringa utgjer ein personvernrisiko.. Eg likar eigentleg ikkje ordet personvern – det høyrest ut som vi skal stoppe ut menneske og sette dei på museum.. Integritet er eit betre ord.. Kven du ringer når, kven du sender e-post til, er informasjon som på avvege kan krenke din integritet.. - Ein mail frå ein tilsett i arbeidstilsynet om tilhøva i SV-gruppa.. - Fire telefonar til krisesenteret sist helg frå ein kvinneleg representant.. - Eit hemmeleg tips til ein journalist.. - Gjentekne mailar til ei adresse som sluttar med swingersnorge.. com.. På avvege kan slike opplysningar krenke integriteten til dei involverte.. 3) Så lenge du er uskuldig er det ikkje noko problem, seier enkelte.. Eg meiner det er motsatt, det er vi uskuldige som er problemet.. Mistenkte kan vi sikre lagring av informasjon for allereie, og kanskje bør den betrast.. Det alvorlege no er korleis DLD kan påverke alle som ikkje er mistenkt for kriminalitet.. I ei undersøking frå tyske Forsa Institute frå 2008 svarte over halvparten av dei spurde at dei ikkje ville bruke teleutstyr når dei skulle snakke med psykolog, ekteskapsrådgjevar eller om rusmisbruk som følgje av datalagringsdirektivet.. Elleve prosent svarte at dei allereie hadde avstått frå å bruke telefon, mobiltelefon eller e-post i visse tilfelle.. Vi er ikkje tent med at uskuldige menneske held tilbake – eller lar vere å søke opp – kunnskap i frykt for å bli sett over skuldra.. President:.. Malte Spitz, tysk parlamentarikar frå Dei Grøne, gjekk til rett for å få ut teledata om seg sjølv for eit halvt år.. Og vann.. Han gav desse til avisa Die Zeit.. Saman med offentleg tilgjengelege data frå sosiale medier kunne konstruere hans rørsler dag for dag.. Den 1.. september 2009 finst det data for meir enn 20 timar, den 4.. september 2009 for meir enn 16 timar.. Det heile kan følgast på internett.. Opplysningar som lekk ut kan krenke integriteten vår, men kunnskapen om at det vert lagra kan i seg sjølv redusere fridomen vår.. Sjølv om SV er sterkt mot direktivet, er vi enno meir bekymra for den gradvise endringa i haldningar, muligheiter og politikk som går føre seg.. Vi har allereie ei omfattande lagring av data og kameraovervaking.. Internasjonalt, eller her, vert det diskutert å registrere søk på nettet, å sette inn ei brikke i alle bilar med opplysningar om kvar den er.. Vi ønskjer oss betre og meir omfattande helseregister som kan koblast, betre register med meir informasjon om barn i barnehage og skule.. Romavlytting har vi prøvd.. Eg kjenner fleire av desse forslag godt, og dei er alle godt meint og velbegrunna på sitt felt.. Men forstår vi, og tenker over, konsekvensane av summen?.. Den franske filosofen Jaques Attali, også mangeårig rådgjevar for President Mitterand, har skrive boka ”Kort historie om framtida” om temaet.. Han skildrar eit tenkt framtidssamfunn der staten overvakar helsa vår, kosthaldet, transporten, skulearbeidet til born.. Ikkje fordi politikarane er totalitære, ikkje grunna kommersielle interesser, men av funksjonelle omsyn.. Kosthaldet og folkehelsa vert betre med systematisk registrering av kva vi et, skuleresultata vert betre når vi kjenner til korleis elevane er og korleis dei arbeider.. Og alle forstår at kampen mot kriminalitet vert meir effektiv med registrering og lagring av stadig fleire data.. Alle tener på det.. Vi får meir kunnskap, samfunnet vert betre og tryggare – det einaste vi mistar er litt slark i samfunnsmaskineriet.. Men president, eg er for slark.. Så lenge det er slark, er det håp.. For slark er eit teikn på fridom.. Den potetgullposen du ikkje bør ete, forbikøyringa du ikkje skulle teke, innleveringa du juksa på.. Eller direkte knytt til DLD – e-posten du ikkje skulle sendt, den staden du ikkje skulle vore ei natt.. Fridomen vår til.. ikkje.. å gjere det – eller kanskje av og til gjere det – er av uvurderleg verdi for det enkelte menneske.. Men det er også av uvurderleg verdi for samfunnet at vi menneske har eit stort frirom – ein integritet – som vi kan utfalde oss i.. Det må ikkje berre vere rom for det perfekte liv, det må vere rom for slarket også.. Datalagringsdirektivet fører sjølvsagt ikkje til dette samfunnet.. Men summen av ei rekke vedtak og muligheiter kan gjere det.. Vi registrerer, overvakar, lagrar og tek i bruk langt meir informasjon enn for eit tiår eller to sidan.. Og difor er vegen vidare viktig.. Kva vil vi ønskje å bruke opplysningane om 10 år? Kva data kan vi koble for å få fram meir og betre informasjon? Kva vert det neste vi skal registrere og lagre?.. President, i lys av dette:.. Er det ikkje klokt å tenke seg om ein gong til? Det heiter seg at ein skal la tvilen kome tiltalte til gode, og i dette tilfellet meiner SV det vil vere fornuftig.. - EU si evaluering av direktivet er ikkje kome enno, den vil gje oss informasjon om kvar EU si lovgjeving går vidare.. - Vårt naboland Sverige har utsett implemtering.. - I fleire land sine rettssystem verserer det sakar om direktivet, etter at det har blitt kjent grunnlovsstridig.. Når ein foreslår utsetjing av noko ein er mot, vert ein gjerne beskyldt for at det er taktisk.. I dette tilfelle er det særs velbegrunna slik eg ser det.. Eg meiner det har kome ein god ting ut av debatten vi førebels avsluttar i dag.. Det er at det ikkje er.. avslutninga.. , men kanskje.. byrjinga.. Byrjinga på ein langt meir levande samfunnsdebatt om balansen mellom vår fridom og integritet på den einse sida, og alle dei velbegrunna funksjonelle ønskja vi har som samfunn på den andre sida.. Vi – Storting, regjering, det politiske system – må vere førande i ein prinsippiell debatt om dette i framtida.. For lenge har vi sett dei enkelte samfunnsinteressene i førarsetet, og i rask rekkefølge vedteke velmeinte og funksjonelle framlegg om registrering og overvaking på kvart felt.. Dei prinsippielle spørsmåla har vi sett vekk til eit tilsyn.. Dette er politikk snudd på hovudet.. Det må jo vere omvendt, at politikarane diskuterer og vedtek dei overordna rammene for samfunnsutviklinga og så ber om ei funksjonell oppfølging av det frå andre organ.. ”Den som er villig til å ofre sin sin fridom for ein midlertidig tryggleik fortener korkje fridom eller tryggleik” har den amerikanske filosofen og vitskapsmannen Bejnamin Franklin sagt.. Eg vil legge til: I eit friare samfunn vil vi føle oss tryggare enn i eit samfunn der vi har ofra mykje av fridomen.. La oss tru at den omfattande debatten om datalagringsdirektivet betyr ein renessanse for fridom og personleg integritet som sentrale spørsmål i samfunnsdebatten.. 1531.. 1,278 kommentarar.. no/2011/04/nei-til-datalgringsdirektivet/.. Nei+til+Datalagringsdirektivet.. 2011-04-04+12%3A31%3A49.. Nettet.. Samferdsle.. Stortinget.. Min landsmøtetale.. 28.. March 2011.. Landsmøtet er over!.. Det var veldig moro, men også masse hardt arbeid altså som vanleg.. Dette landsmøtet var også veldig vellukka, med gode vedtak, god stemning og ei positiv dekning av oss utad.. For min eigen del er eg glad for at prinsipprogrammet er vedtatt og at arbeidet med det er avslutta.. Eg heldt ein tale om programmet og vegen vidare for SV Fornyelse i norsk politikk som ligg ute på nettet.. både skriftleg og i videoopptak.. Eg legg den ut her fordi eg arbeidde mykkje med den og fekk utruleg positive tilbakemeldingar på den.. Eg er stolt av den rett og slett!.. 1529.. 3,736 kommentarar.. no/2011/03/min-landsm%c3%b8tetale/.. Min+landsm%C3%B8tetale.. 2011-03-28+12%3A37%3A40.. Personvernalliansens korte historie og usikre framtid.. 17.. På måndag og tysdag var eg i møte med Erna Solberg og Ingjerd Schou frå Høgre.. Eg deltok på møtet saman med dei parlamentariske leiarane frå Venstre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Framstegspartiet.. Ein uvanleg allianse, allereie døpt regnbogealliansen av enkelte, personvernalliansen av andre.. Kva samla denne uvanlege alliansen? Motstanden mot datalagringsdirektivet.. Alliansen kunne oppstå fordi regjeringspartia er delt i spørsmålet om å innføre DLD.. No ser det ut til at den vil svinne hen i historia utan å ha utretta store ting, fordi Høgre har gjort det klårt at dei vil forhandle med Arbeidarpartiet om å innføre DLD i staden for å forhandle med oss om å styrke personvernet.. Bakgrunnen er denne.. Vi fem hadde forrige onsdag eit kort møte med Erna Solberg der vi inviterte Høgre til drøftingar om eit nasjonalt regelverk for datalagring.. Høgre fekk samstundes eit notat om saka frå oss.. På måndag svarte dei med å legge fram sine synspunkt for oss.. Hovudtrekka er kjende.. Dei gjorde det klårt at dei er for pliktig lagring av alt det datalagringsdirektivet krev lagra, men at dei i tillegg har ei rekke personvernkrav (mange av dei utanfor DLD) som dei vil ha innfridd.. Vårt svar var enkelt.. Dokke må velge kva veg dokke vil forhandle.. Dersom det viktigste er plikt til å å lagre informasjon om folk som ikkje er mistenkt for noko, er det vanskeleg å bli samde med oss.. Dersom det viktigaste er gjennomslag for ei rekke av personvernforslaga, er det lett å bli samde med oss.. Høgre gjorde det seinare klart at pliktig lagring av data var viktigst, og at dei vil forhandle med AP.. Det var sjølvsagt ikkje overraskande.. La meg kort minne om kvifor eg er mot DLD.. Det betyr å innføre pliktig lagring av masse informasjon om kommunikasjonen vår for alle menneske.. Det skal lagrast for alle i tilfelle det kan bli aktuelt å bruke det mot oss seinare.. Altså; vi er potensielt skuldige, ikkje uskuldige til det motsette er bevist.. Eg argumenterer mot direktivet.. her.. og.. Noko av informasjonen som skal lagrast er særs viktig for politiet, og ikkje like personverninngripande.. Til dømes IP-adresser.. Dei er viktige i saker om overgrep for barn, og innheld informasjon om når du logga deg på nett med kva type utstyr.. Difor har vi i personvernalliansen opna for pliktig lagring av desse, for å kome Høgre i møte.. Andre delar av det som skal lagrast er.. i følge ein fagleg tung rapport.. mindre viktig for poitiet, men særs personverninngripande.. Til dømes dei kontinuerlege spora telefonen din legg igjen, eller mottakaren av e-post frå deg.. Tenk deg at du har sendt 10 e-post til adresser som skatteetaten.. no, krisesenteret.. no eller clubswingers.. Relativt privat dersom det skulle kome på feil hender.. Det er også interessant å lese kva Høgrefolk skriv om handsaminga i partiet.. Torbjørn Røe Isaksen.. skriv om handsaminga i Høgre,.. Kristin Clemet.. om det same her.. Årets euroepar (i følge Europeisk Ungdom), Nikolai Astrup, har nøyd seg med å slå fast at slaget er tapt.. No får vi sjå kva som skjer.. Andre land utset direktivet, og.. mange i Noreg vil det.. EU si evaluering kjem om kort tid, men etter Noreg si handsaming.. Dersom ting skulle skje i Høgre vil det vere flerital for eit nasjonalt regelverk for lagring, ei personvernløysing.. Stortingsdebatten er sett til 4.. april.. 1525.. 3,929 kommentarar.. no/2011/03/personvernalliansens-korte-historie-og-usikre-framtid/.. Personvernalliansens+korte+historie+og+usikre+framtid.. 2011-03-17+11%3A30%3A55.. Innovasjon på Stortinget.. February 2011.. Eg vil ha digitalt storting, med sakshandsaming, medier og anna rett inn på nettbrettet.. Først treng vi ei frivillig prøveordning som kan teste det ut; Eg melder meg!.. Det er essensen i eit intervju med meg på side 20 i dagens VG.. Symptomatisk nok ligg ikkje saken frå dagens VG på nett! Den finst berre i papirutgåva,.. men er omtala på SV sine sider.. Det er også ein breiare bakgrunn for utspelet.. Det er innovasjon - det å gjere ting smartare som er grunnlaget for vekst og utvikling både i privat og offentleg sektor.. I offentleg sektor er dette særs viktig.. Gjennom meir kunnskap, bruk av teknologi, betre arbeidsprosessar og betra organisering forbetrar vi kvaliteten på velferdstenester og frigjer folk til andre oppgåver.. Eg vil at Stortinget skal ligge i forkant av denne innovasjonen, og ta i bruk ny teknologi og nye og meir effektive arbeidsmåtar.. Difor dette initiativet.. 1521.. 2,823 kommentarar.. no/2011/02/innovasjon-pa-stortinget/.. Innovasjon+p%C3%A5+Stortinget.. 2011-02-09+22%3A05%3A19.. Kunnskap.. Eldre innlegg.. Siste innlegg.. Afghanistan 10 år etter.. I ll be back.. Delta og vis støtte.. The Bee s Niece: I don t Speak Cat.. Libya-innlegg.. Siste kommentarar.. Kitchen Renovations Kangaroo Point Ways to Replace Kitchen Gear on a Tight Spending budget.. on.. Nede for blogging.. Malibu Pilates Chair Pilates At Home | e-Prescribe.. biz.. Til fjells.. Affirmations For Wealth Short Guide | QUOTES OF ENCOURAGEMENT.. Three Strikes Politiske parti må svare.. Oliver Kozinoga.. Marit Breivik idrettsleiar 2.. 0?.. Car Gallery.. Search for:.. Arkiv.. November 2011.. September 2011.. July 2011.. June 2011.. May 2011.. April 2011.. March 2011.. February 2011.. January 2011.. December 2010.. November 2010.. October 2010.. September 2010.. August 2010.. July 2010.. June 2010.. May 2010.. April 2010.. March 2010.. February 2010.. January 2010.. December 2009.. November 2009.. October 2009.. September 2009.. August 2009.. July 2009.. June 2009.. May 2009.. April 2009.. March 2009.. February 2009.. January 2009.. December 2008.. November 2008.. Kategoriar.. Barn.. (20).. Barnehage.. (12).. (28).. (3).. Fråfall.. (10).. Grunnskule.. (21).. helse/omsorg.. (6).. Ikkje kategorisert.. (60).. Kultur.. (24).. lærar.. Meg.. (22).. (4).. Miljø.. (14).. Musikk.. (29).. (46).. (95).. Regjering.. (23).. religion.. (1).. (2).. Sjakk.. (11).. Skule.. (54).. Sport.. (9).. Student.. (53).. valkamp.. (19).. Vekas plate.. (55).. Videregåande.. (18).. Meta.. Log in.. Entries.. RSS.. Comments.. WordPress.. org.. BårdVegar.. no hentar krafta si frå.. Innlegg (RSS).. kommentarar (RSS)..

    Original link path: /
    Open archive

  • Title: Bård Vegar Solhjell sin blogg › Log In
    Descriptive info: Bård Vegar Solhjell sin blogg.. Username.. Password.. Remember Me.. Lost your password?.. Back to Bård Vegar Solhjell sin blogg..

    Original link path: /wp-login.php
    Open archive

  • Title: Bård Vegar Solhjell sin blogg › Lost Password
    Descriptive info: Please enter your username or e-mail address.. You will receive a new password via e-mail.. Username or E-mail:..

    Original link path: /wp-login.php?action=lostpassword
    Open archive


  • Archived pages: 3