www.archive-no-2012.com » NO » V » VALDRESMUSEA

Choose link from "Titles, links and description words view":

Or switch to "Titles and links view".

    Archived pages: 386 . Archive date: 2012-10.

  • Title: Valdresmusea
    Descriptive info: .. Valdresmusea AS.. Tyinvegen 27, 2900 Fagernes.. Telefon (+47) 61 35 99 00.. E-mail:.. info@valdres.. museum.. no.. Valdresmusea AS.. Valdresmusea.. Valdres Folkemuseum.. Bagn Bygdesamling.. Bautahaugen Samlinger.. Instrument- verkstaden.. Folkemusikk- arkivet.. Opplands- arkivet.. Bygningsvern.. Gardberg- feltet.. Norsk institutt for bunad og folkedrakt.. digitaltmuseum.. asdc.. ».. Musikknettverket.. Kulturlandskapsnettverket.. Bunadrådet.. Nyheiter.. Kontakt oss.. Museumskafe.. Ung på museum.. Om Valdresmusea.. Kulturminne i Valdres.. Søkjer du ein musikar?.. Leige møtelokale?.. Digitalt Museum.. Søkje jobb?.. ICOM.. Skummelt på museet.. Publisert 04/10/2012.. Daudingar og skrømt møtte 25 ungar frå Barnas Turlag, onsdag kveld på Valdres Folkemuseum.. Hausten er tid for "skummeltur", for, når det bles langsmed husveggane og dørene slår  ...   Valdresmusea og Nord-Aurdal kommune fått 50.. 000 kroner til styrking av aktivitetstilboda for demente.. Satsinga er del i museet sitt arbeid med å nå menneske og brukarar ein elles ikkje når.. Styrking av instrumentverkstaden.. Publisert 16/09/2012.. Frå Kulturdepartementet har Valdresmusea fått 900 000 kroner i auke i rammetilskottet.. Auka er øyremerka vidareutvikling av drift av instrumentverkstaden ved Valdres Folkemuseum, og det blir lagt opp til tilsetting av fleire handverkarar samt oppgradering og omdisponering av arealet i verkstaden.. © 2008 Valdresmusea AS Design/CMS: Kreativ Strek AS.. 30.. oktober kl.. 19:00.. Foredrag om arkeologiske funn.. 8.. november kl.. Dagsseminar.. Dagseminar om restaurering av gamle eldstader..

    Original link path: /
    Open archive

  • Title: Valdresmusea
    Original link path: /default.asp?nid=458&lid=1
    (No additional info available in detailed archive for this subpage)

  • Title: Valdresmusea » Valdres Folkemuseum
    Descriptive info: Valdres Folkemuseum.. Opningstider/prisar.. Praktisk info.. Utstillingar.. Samlingane.. Friluftsmuseet.. Valdres Folkemuseum 1901-2011.. Valdres Folkemuseum vart stifta i den nasjonale rusen omkring hundreårsskiftet, 10.. mars 1901.. Det var den utflytte valdrisen Nils K.. Ødegaard som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum.. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.. I 1905 kjøpte museet Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre.. I mai 1906 vart Valdreshaugen (ei tre mål stor tomt) kjøpt frå Nes gard.. Her kom Handeloftet opp.. I 1917 selde museet Valdreshaugen og kjøpte 18,5 mål ute på Storøya.. Sidan har dette vore tilhaldsstad for Valdres  ...   skigarden på museet.. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947.. Museet har eit flott stølsområde.. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948.. Denne stølen vart oppsett på museet i 1998.. Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 20 000 gjenstandar.. Her er landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 11 000 enkeltspor med musikk og song.. Museet sitt fotoarkiv teller 70 000 bilete.. Opplandsarkivet har ei avdeling her med om lag 500 ulike papirarkiv.. Valdres Folkemuseum har eit studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar, hardingfeler og strenger.. Valdres Folkemuseum er eigd av dei seks Valdres-kommunane..

    Original link path: /vfm.asp?nid=463&lid=1
    Open archive

  • Title: Valdresmusea » Bagn Bygdesamling
    Descriptive info: Bagn Bygdesamling.. Utstillingar.. Dølven skule.. Krigsminneutstilling.. Museet som møtestad.. Nyheiter og arrangement.. Bangsbergatn, krigsminne.. I 1920 vart det oppsett hus på tuftene etter gamletunet på garden Islandsmoen.. Veslestabburet og Smettbakbua skulle danne utgangspunktet for det som seinare vart heitande Bagn Bygdesamling.. Dei fyrste åra var dette eit privat gardsmuseum, der både hus og gjenstandar hadde tilknyting til folka på Islandsmoen.. Etterkvart kom det til fleire gjenstandar frå andre stader i bygda, så då samlinga i 1939 vart gjeve til bygda  ...   på Bagn, og forpaktarbustad frå prestegarden i Bagn.. Ei oppgangssag, bekkekvern, skogskoie, badstugu og stabbur står ved Islandselva.. Sør for Islandselva fins ein naturstig med skogen som tema.. Ei krigsminneutstilling i samband med krigshandlingane i Valdres 1940 er sett opp inne i administrasjonsbygningen.. Opplandsarkivet har ei avdeling på museet med gamle arkiv frå lokale lag og foreiningar.. Ei fotosamling på omlag 3500 bilete er òg oppbevara her.. Bagn Bygdesamling ligg ved E-16, fem kilometer sør for Bagn sentrum i Sør-Aurdal kommune..

    Original link path: /bagn.asp?nid=464&lid=1
    Open archive

  • Title: Valdresmusea » Bautahaugen samlinger
    Descriptive info: Bautahaugen samlinger.. Bautahaugen Samlinger.. Bautahaugens Venner.. Kva skjer på Bautahaugen?.. Bygdemuseum sidan 1902.. Bautahaugen Samlingar vart grunnlagt i den nasjonale rusen rundt førre hundreårskiftet.. I spissen for å gje hedølingane sitt eige friluftsmuseum stod to framsynte menn, handelsmannen Erik J.. Bergsrud (1848-1915) og bonde Elling Goplerud (1864-1932).. Bergsrud og Goplerud ynskte å skape eit varig minne for å heidre tidlegare sambygdingar, og dei hadde begge stor interesse for fedrelandet, gards- og ættehistorie.. I 1902 vart den gamle dansarfeten Jonsrudhaugen gitt som samlingsplass og framtidig museumsområde til bygdefolket.. Det var eigarane av nørdre Braka, Gunhild Maria Andersdatter og Gudbrand Arnesen som stod for den storstilte gåva.. Plassen vart rydda og flaggstong kom opp.. 17.. mai i 1905 vart den fyrste bautaen reist på Jonsrudhaugen, til minne om Hedalens Krigsmænd som i perioden 1808 1814 deltok i krigshandlingane mot svenskane.. Seinare vart det reist fleire minnesteinar her, men ikkje berre over tidlegare hedølingar.. På ein solid jordfast stein er det hogd inn kongekrone og følgjande inskripsjon: 9de november 1905 kom kong Haakon VII til Norge.. Kronet 22de juni i 1906.. Dronning Maud og kronprins Olav fekk sine namn på ei kraftig bordplate av stein.. Tradisjonen med kongemonogram og signatur vart vidareført då kong Harald og dronning Sonja vitja Bautahaugen, 9.. juni 2010..  ...   et Museum for Hedalen, men mangler penger dertil saa det blir ikke med det første ].. 50 år etter etableringa kom fyrste bygningen opp.. I 1952 vart stabburet frå husmannsplassen Jørgensplassen flytt til Bautahaugen.. Jørgensplassen vart rydda tidleg på 1700-talet.. Stabburet er eldre, frå 1600-talet.. I 1954 vart Liestuggua satt opp.. Liestuggua var gardshuset på garden Midt-Lie og er om lag 250 år gamalt.. Med huset fylgde to store skåp, benk, bord og peis.. I dag er det 15 bygningar og 2 500 enkeltgjenstandar inne på museumsområdet.. Stabbur, låve, løer, fiskebu, seterbygning, kyrfjøs, geitefjøs, båthus og årestove frå Hedalen og sidedalføret Vassfaret har kome til gjennom heile perioden.. Inne på museumsområdet finn ein også småbruket Brakadokka, ei gamal krambu frå 1870.. Bergsrud gard.. I 2001 overtok Bautahaugen gardsbruket Bergsrud med innbu og lausøyre, seter, hytte og båtnaust.. Bergsrud Gard ligg litt nord for Bautahaugen Samlinger.. Bautahaugen Samlinger eig også ei mølle nordover langsmed den nye natur- og kulturstigen.. Mølla er frå 1700-talet og er svært verdifull.. Fom 1.. januar 2007 er det Valdresmusea AS som har det faglege og driftsmessige ansvaret for Bautahaugen Samlinger.. Eigarskapet er uforandra, for Bautahaugen Samlinger tilhøyrer framleis bygdefolket i Hedalen.. Bautahaugen Samlinger (inkl.. garden Bergsrud) er organisert som ei stifting med eigne vedteker, styre og venneforeining..

    Original link path: /bautahaugen.asp?nid=465&lid=1
    Open archive

  • Title: Valdresmusea » Instrumentverkstaden
    Descriptive info: Instrumentverkstaden.. Instrumentverkstaden.. Produksjon.. Valdres Folkemuseum har verkstad for vedlikehald, reparasjon og produksjon av hardingfeler, langeleikar mm.. I over ti år har vi stått for produksjonen av kvalitetsstrengar for Rudi Musikk på Heggenes.. Verkstaden er ope måndag, onsdag og fredag.. Treng du gode råd til vedlikehald og reparasjon av instrumentet ditt? Kontakt Knut Opheimsbakken på telefon 61 35 99 30.. 40 000 til seminar.. Valdresmusea har i mange år vore pådrivar for å skape trivelege  ...   til seminar og hyggeleg samvære på Valdres Folkemuseum, torsdag 23.. fredag 24.. februar.. Frå Oppland fylkeskommune og Rådet for folkemusikk og folkedans har Valdresmusea fått 40 000 kroner til gjennomføringa av seminaret.. Dette gjer det mogleg for oss å dekke utgifter for alle deltakarane.. Seminaret er gratis! Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til Valdres Folkemuseum i februar.. Har du spørsmål om seminaret må de berre ta kontakt med Knut, Elisabeth eller Ole (sjå kontaktliste)..

    Original link path: /instrumentverkstaden.asp?nid=467&lid=1
    Open archive

  • Title: Valdresmusea » Folkemusikkarkivet
    Descriptive info: Folkemusikkarkivet.. Folkemusikkarkivet.. Folkemusikk i Valdres.. Foredrag og seminar.. Kontakt.. Lenker.. Valdres Folkemusikkarkiv.. Valdres Folkemusikkarkiv er det eldste regionalarkivet for folkemusikk i Noreg.. På folkemusikkarkivet finn du intervju, musikk- og danseopptak med felespelarar, langeleikspelarar, songarar og dansarar, frå 1940-talet og fram til i dag.. Folkemusikkarkivet inneheld cirka 9000 enkeltspor med song og musikk.. Arkivet er ein offentleg lytteplass.. Alle som vil kan koma og lytte i arkivet, heilt gratis.. Det er også mogleg å kopiere song og musikk frå arkivet.. Seminar: Tonefangst.. I samband med 200-årsmarkeringane av Ludvig Mathias Lindeman og Berit på Pynte, båe fødde i 1812, inviterer Valdresmusea til jubileumsseminar.. Frå ulike faglege ståstadar ynskjer Valdresmusea å sjå nærare på møta mellom dei småe og dei store kulturtradisjonen i Noreg, på midten av 1800-talet.. Impulsar på vandring og Berit på Pynte Norges bedste harpespillerske er to av foredraga under seminaret.. Innleiarar er teaterhistorikar Anne Margrethe Helgesen, folkemusikkhistorikar Bjørn Aksdal, historikar Ingar Ranheim, leiar av Norsk institutt for bunad og folkedrakt Stian Roland ,utøvar Bente Hemsing, folkemusikkarkivar Elisabeth Kværne og seksjonsleiar ved Valdresmusea Ole Aastad Bråten.. Program.. Torsdag 13.. september.. Kl.. 11.. 30: Registrering, kaffi.. 12.. 00: Velkomen og innleiing.. 20: Musikklivet i bygde-Noreg på 1800-talet, v/ Bjørn Aksdal.. 13.. 20: Dugurd.. 14.. 00: Berit på Pynte i møte med  ...   Fredag 14.. 09.. 00: Berit på Pynte og dansedokkene, v/ Anne M.. 10.. 00: Eit utøvarperspektiv på Ludvig Mathias Lindeman, v/ Bente Hemsing.. 30: På museumsområdet: lær deg smakebitar frå tongfangsten frå Valdres.. 00: Dugurd.. 00: Oppsummering ved Bjørn Aksdal og Ole Aastad Bråten.. 00: Avslutning.. Skjønn Anna.. Konsertframsyninga Skjønn Anna, med Camilla Granlien, Marit Karlberg, Stein Villa og Morten Jostad blir synt på Slidrehuset på Valdes Folkemuseum tysdag 13.. september kl.. 30.. Innleidde innleiarar.. Anne M.. Helgesen er teaterhistorikar og har skrive doktorgradsavhandling om norsk figurteaterhistorie.. Ho har i mange år vore tilknytt Universitetet i Oslo, og ho driv sitt eige teater, Katta i sekken.. Bjørn Aksdal er folkemusikar, seniorforskar og fagansvarleg for musikk ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim.. Aksdal er oppteken av mangfaldet av små og store kulturelle ytringar, instrumenttradisjonane og arkivsituasjon i Noreg.. Innleiarar tilsett ved Valdresmusea.. Elisabeth Kværne er folkemusikkarkivar.. Ingar Ranheim er konservator.. Stian Roland er dagleg leiar for Norsk senter for bunad og folkedrakt.. Bente Hemsing er tidlegare folkemusikkarkivar og rektor ved Etnedal kulturskule.. Ole Aastad Bråten er seksjonsleiar for kulturhistorisk avdeling.. Påmelding.. Påmelding innan 1.. september til Valdresmusea: tlf.. 61 35 99 00 eller til.. elisabeth.. kvaerne@valdres.. Pris.. Inkludert framsyninga Skjønn Anna, middag og lunch to dagar, kroner 1100,-..

    Original link path: /folkemusikkarkivet.asp?nid=468&lid=1
    Open archive

  • Title: Valdresmusea » Opplandsarkivet
    Descriptive info: Opplandsarkivet.. Opplandsarkivet.. Ein dag er vi alle historiske.. Studiesenteret.. Biblioteket.. Opplandsarkivet tek vare på private arkiv og gjer dei tilgjengelege i eit fylkesdekkande nettverk.. Til grunn for arbeidet ligg retningsliner for privatarkiv, utarbeidd av Riksarkivet.. Med privatarkiv meiner ein arkiv med foto, kart, lyd, film, musikk, papir.. Opplandsarkivet har ni avdelingar over heile fylket, med sekretariat ved Mjøsmuseet.. Opplandsarkivet har fire arkivavdelingar for folkemusikk og tradisjonsmusikk.. Regionmusea har ansvar for drift og tek imot arkiv frå kvar sine regionar og fylkesdekkande arkiv.. Opplandsarkivet tilbyr privatpersonar, foreiningar og bedrifter oppbevaring av arkiv.. Arkiv kan du deponere eller gje som gåve til Opplandsarkivet sine avdelingar.. Arkivavdelingene kvitterer for mottekne arkiv og tek seg av ordning og registrering.. Arkivene vert oppbevart under tilsyn i eigne magasin.. Arkiv kan klausulerast eller sikrast mot innsyn i samråd med arkivskapar/gjevar.. Opplandsarkivet gjev faglege  ...   arkiv frå Valdres og fylkesdekkande arkiv.. Det er to avdelingar organisert og drifta av Valdresmusea: Valdres Folkemuseum og Bagn Bygdesamling, eige deponi for Hedalen på Bautahaugen Samlinger.. Opplandsarkivet i Valdres har ved årsskiftet 2011/12 registrert 550 arkiv.. Av kjende personarkiv kan ein nemne folkeminnegranskaren Knut Hermundstad, helsesportgründarane Anna og Erling Stordahl på Beitostølen, forfattaren Knut Hauge og tidlegare stortingsmann Åge Hovengen.. Av lagsarkiv finst politiske partilag, idrettslag, husmorlag, bondelag, ungdomslag, kristelege lag, avholdslag, skyttarlag, helselag, sang- og musikklag og mykje anna.. Ansvarleg arkivar for alle avdelingane er konservator Jahn Børe Jahnsen ved Valdresmusea.. Bagn Bygdesamling har fast personale som tek i mot arkiv.. Innlevering av arkiv til Bautahaugen Samlinger skjer til styreleiar eller arkivar henvendingar om å sjå i arkiva skjer til arkivar.. Kontaktperson er Jahn Børe Jahnsen, epost.. jahnbore.. jahnsen@valdres.. , tlf.. 61 35 99 25..

    Original link path: /opplandsarkivet.asp?nid=469&lid=1
    Open archive

  • Title: Valdresmusea » Bygningsvern
    Descriptive info: Studiesenteret.. Bygningsvern.. Kurs.. Bygningsvernrådgjevar i Valdres.. Oppland fylkeskommune og Valdresmusea har tilsett Odd Arne Rudi som bygningsvernrådgjevar for Valdres.. Dette er ein av tre stillingar ved Mjøsmuseet, Randsfjordsmuseene og Valdresmusea.. Stillinga inngår i eit fagleg nettverk i samarbeid med fylkeskonservator i Oppland fylkeskommune.. Rådgjevaren skal hjelpe eigarar og andre som er interessert i kulturminnevern med praktisk rådgjeving.. Stillinga er finansiert av fylkeskommunen, kommunane i regionen og museet.. Odd Arne Rudi har nå vorte varm i trøya, har vore ute på befaringar  ...   arbeid med kulturminnevern.. Rådgjevaren er samarbeidspart for kommunane, og skal vere eit fagleg bindeledd mellom ulike delar av forvaltninga.. Arbeidet går elles ut på hjelp og rettleiing i samband med søknadar, formidling, foredrag, analyse av tilstand av hus og han kan og vera aktiv som handverkar.. 1 dagsverk.. Bygningsvernrådgjevaren kan bistå med inntil 1 dagsverk pr.. anlegg/eigar gratis, ut over det tek vi betalt for konsulentarbeid og handverkararbeid.. Kontaktinfo.. Odd Arne Rudi.. Tlf: 61 35 99 09 / 976 89 065..

    Original link path: /studiesenteret.asp?nid=466&lid=1
    Open archive

  • Title: Valdresmusea » Folkemusikkarkivet
    Descriptive info: Gardbergfeltet.. Gardbergfeltet.. Informasjon.. Einangsteinen.. Gardberg site.. Gardbergfeltet i Vestre Slidre.. Gardbergfeltet i Vestre Slidre i Valdres er eit område på meir enn 2 kvadratkilometer.. Her finn ein kanskje 1000 gravøyser (550 er undersøkte) og meir enn 900 funn frå romersk jernalder og fram mot vikingtid (cirka 800 e.. kr.. ).. Området har også spor av den enorme jernutvinninga som fann stad i Valdres før, under og etter vikingtida.. I området har det også blitt drive jordbruk og husdyrhald i 4500 år.. I eit av felta ligg ein stor skålgropstein med 70 skålgroper.. Denne er truleg frå bronsealdaren.. Einangsteinen er frå rundt år 300 e.. Kr.. og er den eldste runesteinen i Nordvest-Europa som står på sin opphavlege plass.. Runer vart tekne i bruk for 2000 år sidan.. Dei yngste runene var i bruk fram til cirka  ...   romerske sverdet med smeden sitt bumerke og namn kom også til Gardbergfeltet på om lag same tid.. Det skrivne ord fekk med dette innpass i vår del av verda.. Eit rikt folk både kulturelt og på annan måte har levd her oppe.. Kva vart lagnaden deira? 600 år seinare innfører Harald Hårfagre sin yngste son, Håkon den Gode, eit anna kommunikasjonsmiddel i Norge: Vardebrenning, som varsel om mobilisering til krig, cirka år 950 e.. Kr.. Den mest kjente av vardane i Valdres, Olberg, ligg synleg og strategisk til på den andre sida av Slidrefjorden, tvers over dalen frå Gardbergfeltet.. Vi ser i dette området opphavet til dei avanserte informasjons- og kommunikasjonssystem vi har i dag.. Sidan runene vart rita i Einangsteinen, og fram til avansert internett-kommunikasjon i vår tid, er det eit tidsspenn på heile 2000 år..

    Original link path: /gardbergfeltet.asp?nid=474&lid=1
    Open archive

  • Title: Valdresmusea
    Descriptive info: Valdres Folk Museum.. Bagn Local Museum.. Bautahaugen Collections.. Instrument Workshop.. Folk Music Archive.. The Oppland Archive.. Building preservation.. Gardberg historical site..

    Original link path: /default.asp?lid=2
    Open archive


  • Archived pages: 386